Sommerprat med Monica R. Hjelle
- Navn: Monica Rennan Hjelle
- Jobber som: faglig studieleder på Bachelor i prosjektledelse kunst og kreativ næring
Har du noen spennende sommerplaner?
– Absolutt! Eg skal på turné gjennom sommaren, så eg får mellom anna reist til Lyngdal, Stavanger, Kvinnherrad, Lofoten, Finland og Trondheim. Sambuaren min spelar også i band, så eg reiser til Buktafestivalen i Tromsø som groupie i midten av juli. Håpar på betre vér enn Nord-Norge kan skryte av så langt i sommar. Ferie har vi sjeldan tid til, men vi skal vere fem dagar i Sogn der eg kjem fra.
Hvor i verden trives du best?
– Eg er veldig glad i å reise til stader der eg kun treng å ligge på ei solseng, bade og drikke i dagesvis. Santorini, Sydney, Kreta og Rhodos er eksempel på deilige plassar eg har reist til dei siste åra.
Strandferie eller byferie?
– Strand!! Her er det ingen tvil. Eg blir ganske sur og tverr i varmen, så eg er avhengig av å kunne duppe i eit basseng. Da det var hetebølge i Oslo for ei stund sidan var eg ikkje snakkande til, og eg sov ikkje på vekesvis. Ser for meg at eg hadde vore forbanna heile ferien i ein storby.
Skal du lese noen spennende bøker i sommer?
– «POP. En historie» av kollega Audun Molde.
Hvilken er den beste boken du har lest så langt i år?
– «Alt uavklart» av kollega Unn Conradi Andersen. Den var heilt fantastisk!
Hvis du skulle spist middag med en kjent historisk person, hvem ville det vært?
– Lemmy Kilmister fra Motörhead. Eg lurer veldig på kvifor han ikkje spurte om å vere kjæresten min da me møttes på Rock In i Oslo desember 2005, synd at eg aldri får vite det :(
Hva gleder du deg mest til ved studiestart?
– Å møte nye og håpefulle studentar som forhåpentlegvis gledar seg til mange spennande prosjekt og forelesningar.
Hvilken applikasjon klarer du deg ikke uten?
– Instagram. Uff, no blei eg flau.