Når humor blir ein trussel mot demokratiet
Ein satirisk film om aksjehandelskandalen kring Erna Solberg og Sindre Finnes skapte debatt då den hadde premiere rett før valet. Mediedekninga avslørte ei uro for at politisk satire kunne påverke demokratiet – men kvifor er det eit problem, då?
Skrevet av John Magnus Dahl, TT-adjunkt i retorikk ved Københavns Universitet.
Rett før valet hadde ein film om ein statsminister og ein aksjehandlande ektemann premiere. Høyres det kjent ut? Filmen er så klart ei satirisk framstilling av korleis Sindre Finnes dreiv omfattande aksjehandel medan kona Erna Solberg var statsminister, og Solberg hadde i alle fall hatt høve til å dele innside-informasjon med ektemannen.
Då eg fortalte ein kollega at eg hadde tenkt å skrive om denne filmen til Valganalyse 2025, sidan den hadde premiere før valet, sa han «Det var jo eit merkeleg val av premieretidspunkt.» Det fekk meg til å stusse: Kvifor er det merkeleg å vise politisk satire under valkampen, perioden der folk flest er mest opptekne av politikk? Eit kort internettsøk gav meg kanskje svaret: Det synte seg nemleg at fleire der ute frykta at Ingen Kommentar kunne påverke valet.
Den farlege satiren
At humor og satire blir oppfatta som farleg er så klart gamalt nytt. Ja, det er faktisk gjerne grunnen til at andre meiner at satire er særskilt verdifullt: God satire skal provosere, pirke i makta. Denne satireforståinga, og verdsetjinga, dominerer nesten fullstendig i norske media, og er særskilt synleg i debattar kring ytringsfridom.
Sidan eg, som humorforskar, kjenner godt til dette feirande satiresynet, blei eg overraska over at norske media målbar frykta for at Ingen Kommentar skulle kunne påverke valet. Ein skulle jo tru at målet med ei politisk ytring er nettopp det, påverknad – ikkje provokasjon for provokasjonen si skuld? Eller gjeld ikkje det dersom ytringa er satire?
Tidleg på sommaren hadde ein artikkel i Aftenposten ei stund tittelen «To kinopremierer kan avgjøre valget». KI-samandraget seier mellom anna «Produsenter avviser ønsker om å påvirke valkampen, mens analytikarar meiner filmene kan treffe usikre veljarar og påverke utfallet av valget.»
Implisitt her, vil eg hevde, er ei uro: Underhaldning og satire bør eigentleg ikkje påverke valet – no har me ikkje berre ein, men to filmar som kan gjere nettopp det. (For ordens skuld: Den andre filmen var ein dokumentar om Jens Stoltenberg si tid som NATO-sjef, Stoltenberg – Facing War, og hadde premiere i mars).
Men det var kring førpremieren den 13. august under Arendalsuka at mediedebatten verkeleg føregjekk – kort, men intens både på fjernsyn, i avisene, og på sosiale media.
Lobbyorganisasjonen Aksjon for Norsk Eierskap blei mellom anna intervjua på Dagsrevyen, og meinte dette var ein film som aldri skulle hatt statsstøtte. Styreleiar Roger Hofseth meinte filmen var «skittent spill» som gjorde valkampen urettvis. I tillegg til at filmen var upassande i seg sjølv var det ifølgje Hofseth eit problem at den hadde fått 12 millionar i statsstøtte frå Norsk Filminstitutt, der direktøren er tidlegare medlem i AUF – noko som rett nok er 30 år sidan.
Vidare i innslaget blei fleire premieregåarar intervjua på veg ut, mellom anna politisk redaktør i DN, Fritjof Jacobsen, som svarte «på ingen måte» når han blei spurt om filmen kunne påverke valresultatet.
Journalistiske sjangrar - media sine heilage kyr?
Det er ikkje så rart at menneske som er mål for satiren, anten direkte eller indirekte, ofte mislikar den satiriske ytringa og helst skulle vore den forutan. Det eg tykkjer er meir interessant er korleis norske media relativt ukritisk og ureflektert rapporterte om denne bekymringa.
For det første er det merkverdig at ingen, så vidt eg veit, plukka opp at Hofseth, gjennom å foreslå at statsstøtta til filmen var politisk motivert og ved å påstå at «dette er Arbeiderpartiet sin film», tar opp den amerikanske diskursen der media, inkludert underhaldningsmedia, blir stempla som ikkje berre venstreorientert, men også som alliert med venstresida sine parti.
For det andre er det merkeleg at media så lett omfamna ei innramming der det blir framstilt som grunnleggjande problematisk dersom satire faktisk skulle ha ein politisk effekt.
Min analyse av dette er at det skuldas ei sterk oppvurdering hjå journalistar og redaktørar av dei journalistiske sjangrane nyhende, kommentar og debatt. Difor «gløymde» norske media si vanlege oppvurdering av satire når dei dekte Ingen Kommentar. Det er nemleg berre dei journalistiske sjangrane med si forplikting til sanning, som «eigentleg» er legitime mediaytringar i valkampen.
Difor stilte journalistane spørsmål ved om filmen kunne påverke valresultatet, og difor kjende ikkje journalistane igjen anti-media-pratet dei elles er så vâre for.
Det er jo også eit legitimt poeng at satire ikkje har same forpliktinga til sanning som til dømes nyhende har. Men det har jo heller ikkje alle andre journalistiske sjangrar: Faste kommentatorar kjem med meining og analyse, medan ting som terningkast etter partileiardebattar eller kjøttkakeindeksen har ingen ting med sanning å gjere i det heile tatt.
Det tyder ikkje at desse ytringane nødvendigvis påverkar valet på ein uheldig måte – men det er uheldig at journalistiske media ikkje reflekterer kring sine eigne sjangrar, men gjerne vidareformidlar ideen om at satire helst ikkje bør påverke politisk – utan å stille spørsmål om kvifor dette eventuelt er eit problem.
