Mapper som er beskytta er blant anna: Dokumenter, Skrivebord, Nedlastinger, iCloud Drive, USB-pinnar, og eksterne lagringsmedium.

Om du prøver å opne filer frå desse områda i SPSS, vil SPSS visa deg ei heilt tom mappe med ingen synlege filer.

For å koma rundt dette, kan du laga ei ny mappe i «hjem»-mappa di på datamaskinen. Gå til «hjem»-mappa via «Gå» i menylinja øvst på skjermen når du har Finder aktivt.

Bilde 1.jpg

Du får opp eit nytt Finder-vinduage som viser deg «hjem»-mappa di. Lag ei ny mappe ved å trykke på tannhjul-symbolet øvst i det opne vindauget og velje «Ny mappe», og gje den eit valfritt namn. Flytt deretter filene du ynskjer å opne med SPSS inn i denne mappa. I eksempelet under har eg gjeve den namnet «Filer til SPSS», men du kan kalla den det du vil.

Bilde 2.jpg

Neste gong du skal opne ei fil i SPSS, blar du deg fram til «hjem»-mappa, og deretter den nye mappa du har laga, som vist i eksempelet under. Filene du har lagt der skal no vera synlege for SPSS, og du kan opne dei som normalt.

Bilde 3.jpg