Bilde av gutt med hvit skjorte som står med armene i kryss.
Leder av Studentunionen Kristoffer M. Egset

Studentunionen står bak organisering og arrangering av mange arrangement som gjer at Kristiania har eit så levande studentmiljø.

Into Campus og Karrieredagane er nokon av dei. Vi har vekentlege treningar i fotball, handball, volleyball, crossfit og yoga 

Er du politisk aktiv må du bli med i studentdemokratiet! Eller er du glad i PR eller organisasjonsarbeid,  kanskje arrangere events?  Hos oss er der alltid noko å sette fingrane i 

Studentunionen driftar også eit fond for å hjelpe dei mindre linjeforeningane ved skulen. 

Vi har eit tett samarbeid med studentbarane med gode prisar og premiar til diverse kule arrangement 

Studentunionen er organisert slik at vore studentar kan få jobbe med det dei ynskjer, eller kanskje til og med studerer, ved sidan av studiet.

På den måten får engasjerte studentar relevant erfaring, større nettverk og samtidig  bidra til at studiekvardagen og studiemiljøet blomstrar av fagleg og sosialt samvær. Interessant? 

Studentunionen er organisert slik at vore studentar kan få jobbe med det dei ynskjer, eller kanskje til og med studerer, ved sidan av studiet.

Eg håper vi får akkurat DEG med på laget, vi har over 100 ledige verv i året og vist eg ikkje ser deg i eit utval eller prosjektgruppe så oppmodar eg deg om å møte opp og få nytt og større nettverk, nye vennar, eller lære noko nytt som studentar legg ned tid og energi for å arrangere for deg. 

Utnytt studenttida til det fullaste, ver ein medstudent!  Engasjement gjer at du kan påverke din eigen og andre sin studiekvardag til det bedre 

Beste helsing 
Kristoffer Myklebust Egset  
Leder Hovudstyret Studentunionen