- Høyskolen Kristiania
- Om Kristiania
- Rektors blogg
- 2021
- 10
- - Lovande frå den nye regjeringa
– Lovande frå den nye regjeringa
Den nye regjeringa vil gjennomgå sentraliserande kvalitets- og akkrediteringskrav i høgare utdanning, lovar dei i Hurdalsplattformen. Det er ein veldig god idé.
Den norske universitets- og høgskulesektoren har blitt styrt mot færre og større institusjonar. Eit viktig tiltak har vore å gi høgskular høve til å utvikle seg til å bli universitet. Det er ettertrakta å oppnå universitetsstatus, fordi det gir betre institusjonar med høgare kvalitet på forskinga, meir internasjonalt samarbeid, betre profesjonsutdanningar, og betre kvalitet i utviklinga av områder som er viktige for samfunnet og regionane.
I 2016 vedtok Stortinget å skjerpe krava for å oppnå universitetsstatus. Paradokset er at ein reform som skulle auke kvaliteten først og fremst stiller kvantitative krav. Regelverket framstår i dag som merkverdig, det er særnorsk, og det kan hemme meir enn å fremme kvalitet. Det er tilfeldige og unødvendig høge krav til kor mange doktorgradsprogram ein skal ha og til kor mange studentar ein må ha på kvart program. Og på toppen av det heile vert det ikkje godtatt at ein samarbeider med andre institusjonar om å drifte programma med felles fagmiljø.
Det er dette forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe må ta tak i, fordi regelverket slår særleg negativt ut for institusjonane i distrikta. Grunnen er at dei er mindre i størrelse og har svakare finansiering. Dette kan rettast opp utan store ekstrakostnader ved å ta bort unødvendige krav som ikkje gir nemneverdig kvalitetseffekt.
Høgskular i ulike deler av Noreg kjenner godt til kva den lokale arbeidsmarknaden treng. Dersom dei får høve til å bli med på universitetsreisa, kan dei halde fram å tilpasse utdanning, forsking og opplæring etter arbeidsmarknadsregionen sine utfordringar og muligheiter, men med høgare fagleg kvalitet.
På bakgrunn av dette, sendte fem høgskulerektorar eit innspel til regjeringsforhandlarane. Samisk høgskole (Sámi allaskuvla), Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Østfold og Høyskolen Kristiania formulerte tre tilrådingar om endringar i akkrediteringskriteriene for norske universitet:
- Kravet om at kvar institusjon må tilby fire doktorgradsprogram aleine for å bli universitet må endrast.
- Kravet om at kvart program må ha 15 kandidatar må fjernast.
- Samarbeid om doktorgrader må ikkje stå i vegen for universitetsstatus.
Til saman vil desse endringane gi eit betre og meir desentralisert utdanningstilbod i Noreg, legge til rette for meir samarbeid mellom undervisningsinstitusjonar og samtidig sikre betre ressursutnytting i norsk akademia.
I Hurdalsplattformen fekk vi til svar at regjeringa vil «gjennomgå̊ sentraliserande kvalitets- og akkrediteringskrav i høgare utdanning». Vi ser fram til å samarbeide med forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe om dette.
Sjå også:
- Kronikk frå fem rektorar i Khrono: Særnorske universitetsregler må fjernes
- Kronikk frå tidlegare rektor ved Høgskolen i Innlandet, Kathrine Skretting, i Khrono: Kravene til universitetsakkreditering må vurderes på nytt!
- Kronikk frå prorektor Helene Lund, Vid vitenskapelige høgskole, i Khrono: Variert eierskap er viktig for universitetenes autonomi