Rektor sin tale på velkomstseremonien ved Høyskolen Kristiania, 16. august 2021.

Kjært barn har mange namn: Årets ferske studentar vert gjerne kalla Gen Z, zoomarar eller digital innfødde. Det de uansett har til felles, er solid erfaring med læring via breiband.

Dette har krevd ei enorm evne til omstilling og evne til sjølvstendigheit i arbeidet. Dette mestret de. Dette meistra du. Og det er godt nytt, for framtidas arbeidsliv krev bestandigheit, sjølvdisiplin og uthaldenheit.

Men før du kjem så langt vil dine spesielle evner krevje ekstra mykje av oss. Aldri tidlegare har vi tatt imot et så digitalt kompetent kull, og derfor må vi strekke oss – ligge i tet som undervisarar og utdanningsinstitusjon. 

Dette er ein vinn-vinn-situasjon der vi kan lære mykje av kvarandre. Eg gleder meg skikkelig!

For 107 år sidan vart denne institusjonen vart stifta av ein mann som med sin tankegang låg langt forut for si tid. 

Ernst G. Mortensen var ein endringsagent som revolusjonerte Noreg med sin draum om å gi flest mulig anledning til utdanning og personleg utvikling. Til det beste for samfunnet.

Han utdanna folk via brev. I dag går det i breiband – der de har blitt ekspertane.

Stiftelsen Høyskolen Kristiania er tufta på eit gründerskap som fortsatt «sit i veggene». Her dyrkar vi nytenking og legger til rette for vekst på fleire plan.

Årets studiestart slår alle rekordar med rundt 18.000 studentar på høgskule, fagskole og nettstudier. Vi har campus i Oslo og campus i Bergen.

Utdanning er gjerne ei av dei første verkeleg store investeringane du gjer, og det gir ei viktig retning på livet ditt. Du vil bli forma og farget av nye vener og ny kunnskap.

For oss er eit tett samarbeidet med arbeidslivet særleg viktig, og vi har staka ut ein ny kurs: Vi skal gjere vårt for å endre Noreg ved å bygge det første arbeidslivsuniversitetet.

Og med det jobbar vi også for at ditt vitnemål berre vil auke i verdi med åra.

No skal eg seie noko som kanskje høres rart ut. Men når vi no er i gang, er ikkje namnet på studieprogrammet ditt det aller viktigaste. Det viktige er at du fullfører graden du har starta på.

Sjølv om angsten skulle kome, og du kanskje tvilar litt på om du har valt heilt riktig program, så vit at du har mykje fleksibilitet. Du kan ta ditt internship på ein stad du finn meiningsfylt, og skrive oppgåve om noko som verkeleg interesserer deg. Husk at du har mange valmuligheiter underveis, som gjer at du kan tilpasse utdanninga dine interesser.

Ikkje kast bort tida med å begynne på noko nytt midt i. Sørg for å få vitnemålet i handa. Ikkje undervurder det dokumentet, for det er gull verdt. Det er din billett til arbeidslivet.

Det viktigaste du lærer som student er å løyse komplekse problem på ein systematisk måte. Og det kan brukast i alle yrke. Vi er trygge på at du vil bli godt skodd for framtida her ved Høyskolen Kristiania, at du om noen år vil gå ut i verda som ein endringsagent.

Vår klode treng ditt kloke hode.

Lykke til!