Rektor deler ut pris til Årets student 2021

Rektor sin tale på avgangsseremonien for Bachelor ved Høyskolen Kristiania, 18. juni 2021.

Kjære avgangsstudent,

Først og fremst vil eg gratulere deg med den store dagen! Dagen i dag markerer avslutninga av eit kapittel, og begynnelsen på eit nytt.

Ditt kapittel som student vart skrive svært annleis enn for mange av dei som gjekk ut før deg. Det siste drøye året har du fått heit særskilte erfaringar som du no kan ta med vidare i livet.

I denne tida har vi alle innsett kor tett vi alle er knytta saman, og kor viktig nære band faktisk er for oss. Vi har lært at vi ikkje treng, kan eller bør forsøke å gjere alt på eiga hand, då me står sterkare saman. 

Som avgangsstudentar vert de no skotne ut som ein rakett frå livets førebuingsrampe, ut i det store og ukjende. Erfaringene de har fått frå akkurat dykkar studietid gjer at de skil dykk ut.

Denne studietida vil bli hugsa lenge. Nesten halve studieløpet har de gjennomført digitalt. Dette har krevd ei enorm evne til omstilling. De har vist ein urokkeleg innsatsvilje og sjølvstendigheit i arbeidet.

Framtidas arbeidsliv krev bestandigheit, sjølvdisiplin og uthaldenheit. De har vist at de har alt dette, for årets kull har usedvanleg gode resultat. Motstandskraft og robustheit pregar årets avgangskull meir enn nokon andre kull før dykk.

Så når du møter eit vanskeleg hinder eller opplever motstand, slik vi alle av og til gjer, husk på pågangsmotet du har vist det siste året.

Så når du møter eit vanskeleg hinder eller opplever motstand, slik vi alle av og til gjer, husk på pågangsmotet du har vist det siste året.

Vi er trygge på at du er godt skodd for framtida. Enten du får akkurat den karrieren du hadde tenkt, eller du endar opp ein heilt annan stad, har du lært å løyse komplekse problem på ein systematisk måte. Det er det viktigaste du har med deg vidare frå oss. Og det kan brukast i alle yrke.

Hugs å takke foreldre, søsken og andre støttespelar som har støtta deg i motvind, og heia i medvind. Gi dei gjerne ein klem! 

Ut døra har du også med deg eit dokument som vil vere gull verdt. Det viser at du fullførte der andre ga opp.

Vi på Kristiania skal gjere vårt beste for at vitnemålet ditt berre vil auke i verdi med åra. Vi skal gjere vårt for å endre Noreg ved å bygge det første arbeidslivsuniversitetet.

Vi er stolte av den enorme innsatsen de alle har lagt ned i eit annleis år. No skal de ut og forandre og utfordre verda rundt dykk.

Vi gleder oss til å sjå kvar og ein av dykk igjen – enten på master til hausten – eller ute i arbeidslivet. Lykke til!